måndag 21. mars 2011

IKT og medier

Dette forskningsnettverket ble vedtatt av styret i UH-nett Vest i juni 2010.

Eit utgangspunkt er at UH-nett Vest har ei brei kompetanse på området IKT og medier. Fagmiljøa ved institusjonane har forskingsprosjekt som allereie er i gang, og prosjekt som kan startast opp fordi kompetansen finst på tvers i fagmiljøa. På sikt kan det også etablerast desentraliserte studietilbod basert på teknologiske plattformar som har blitt utvikla i UH-nett Vest.

Vår region har eit særpreg som kan prega forskingsprosjekt innafor IKT og medier. Vestlandets kystar, fjordar og fjell er ei konstant utfordring. Sjølv om regionen har stor velstand, er det rom for ytterlegare forbedringar av vilkåra for kommunikasjon og identitet.

Samspelet mellom det virtuelle og fysiske kan og bør utnyttast til utvikling av originale forskingsprosjekt innafor UH-nett Vest. Forsking og utvikling inneber alltid ei gjensidig utvikling av teknologi og praksis, ein vekselverknad der ein gjer endringar (forbetringar) av praksis gjennom ny teknologi, og utvikling av teknologi gjennom erfaringane frå praksis. Forskaren styrer denne dynamiske prosessen ved dei metodane som vert tekne i bruk.

Våre fagmiljø er prega av eit rikt tilfang av metodar der ein utnyttar kvantitative og kvalitative tilnærmingar, designforsking, tekstanalyser og andre metodar i eit samspel for å utvikla og forstå teknologien og bruken i reelle omgjevnader. Forsking innanfor rammene av det forslåtte området bør utvikla teknologi og nye medier i samspel med tidlege og kontinuerlege evalueringar.

Forsking på dei tema og teknologiar me skisserer kan finansierast på ei rekkje måtar, både internt og eksternt. Noregs forskingsråd er ein mogleg finansieringskjelde. I tillegg kan internasjonale kontaktar gjera det mogeleg å søkja støtte i EU-systemet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar